Tradisjonsrikt, vestnorsk middagskjøt med røter i det gamle bondesamfunnet. Spesialtilskore, kjøtfull svineknoke av beste merke. Lakesalting og røyking med orrespon gir eit mørt og smakfullt resultat. Perfekt i lapskaus – ypparleg som følgje til raspeballar og lammebog. Og steikjer du skinkeknokane frå Vossakjøt heile i omnen, får dei garantert bein å gå på.